Medverknad og byøkologi - Leieboerforeningen
Medverknad og byøkologi
- Publisert: torsdag 18 februar, 2016 – 10:01
- Skrevet av: ARA
- Stikkord: Byøkologi, Hauskvartalet, medvirkning, brukermedvirkning
Kva er byøkologi?
I reguleringsplanen vedteke 18.06.2008, vart det slått fast at Hauskvartalet skal regulerast til spesialområde – byøkologisk kulturkvartal med innslag av bustadar. Byøkologi er eit problematisk omgrep fordi det manglar definisjon. Slår du opp i kommuna sin politiske handlingsplan for byøkologi, Byøkologisk Program, finn du ingen definisjon. Det er oppsiktsvekkjande. Når definisjonen manglar, kan omgrepet brukast og misbrukast, det kan tolkast i vid forstand og fyllast med så mykje eller lite meining som ein sjølv har nytte av.
Pilestredet Park har ofte blitt nevnt som eit byøkologisk prosjekt, men for meg framstår det som eit vanleg burettslag i Oslo, kanskje berre med litt grønare innpakking. Og kven har råd til å betale seks millionar for å bu byøkologisk i Oslo i dag?
Det fins ein dansk definisjon av byøkologi som arkitektar nytjar seg av, også her i landet. Danmark og mange andre nordeuropeiske land har prioritert byøkologi i lange tider, so å bruke den danske definisjonen er kanskje ikkje så dumt. Den slår fast at
Byøkologi betegner en særlig miljøindsats, der med udgangspunkt i et konkret byområdes og borgernes deltagelse søger at fremme helhetsorienterede løsninger på problemstillinger knyttet til områdets ressoureforbrug, miljøbelastning og naturindhold» [1]
Definisjonen set borgarane i fokus; det er borgaren si deltaking som skal løyse miljøutfordringane i eit gitt område. No skal Oslo gjennom eit grønt skifte for å bli fossilfritt i 2030. Det er mange vegar til Rom, men også i byrådserklæringa står borgarane i fokus; «å gjøre Oslo fossilfritt er et stort felles prosjekt som bare kan lykkes i et tett samarbeid mellom innbyggerne, næringsliv, organisasjonsliv, staten og kommunen».Kvifor skal ikkje kommuna då inkludere byens eldste brukarstyrte byøkologiske prosjekt i dette fellesprosjektet?
Den vanskelege brukarmedverknanden
Å gjere seg erfaringar med brukarmedverknad er komplisert og tidkrevjande. Medverknadsprosessar kan vere ubehagelege, frustrerande og konfliktfylte, og kanskje spesielt i tilfelle som gjeld bustaden, sidan den er grunnsteinen i eit kvart menneskes liv. Bustadsituasjonen påverkar våre liv i stor grad, og å skulle ta avgjerdsler i fellesskap om korleis ens eigen bustad og bumiljø skal utvikle seg, kan by på utfordringar. For tungrodde kommunale etatar kan brukarmedverknad også oppfattast som ein liten verkebyll.
Leirepuss, gråvassreinsing, linoljemaling og alternativ handsaming av hussopp er kanskje ikkje så lett å få til gjennom rammeavtaler og anbudsrunder. Men likevel, brukarmedverknad er endeleg på veg til å få innpass i det offentlege, og då er det kanskje på tide for kommuna å utfordre sin stiavhengighet, og våge å tenkje litt utanfor boksen.
Både i regjeringa sin bustadsosiale strategi og i plan-og bygningslova er medverknad nedfelt som suksesskriterier. Mange arkitektar peikar også på at det er gjennom medverknad frå bebuarane at ein endar opp med solide løysingar.
Medverknadsprosessar er slikt som andre europeiske storbyar har praktisert lenge, og vi treng ikkje sjå lengre enn til Trondheim før vi finn eit stort og vellukka byøkologiprosjekt der den sterkaste forma for medverknad – brukarstyring – er grunnen til at prosjektet framleis eksisterar, 25 år etter at det starta. Men det er eit stykke til Trondheim. Oslo kan ikkje vise til andre byar når vi skal skryte av medverknad og lokaldemokrati. Då må vi vise til eigne prosjekt. Men det fins nesten ingen prosjekt å vise til. Det er fordi Oslo ikkje har lagt til rette for alternative måtar å bu og leve på. Men eitt lite prosjekt har karra seg fast i 16 år, og overlevd truslar om salg og utkasting. Det framstår som merkeleg at eit byråd som skal inkludere og leggje til rette for «nye og eksisterende byøkologiske prosjekter», startar perioda si med å sanere bu-og arbeidskollektivet Vestbredden Vel Vel.
Vestbredden er eit vellukka byøkologisk prosjekt
Bebuarane i Hausmannsgate 40 er Oslos fremste ekspertar på brukarmedverknad. Dei har 16 års erfaring; dei veit kva som fungerar og kva som ikkje gjer det. Dei er ekspertar på verkstadar, på husmøter, konsensus og flat struktur, på konfliktløysing og på bumiljø; i det hele tatt er dette eit miljø som innehar erfaringar og kompetanse som det tar svært lang tid å byggje opp, nettopp fordi slike kunnskapar er erfaringsbaserte. Prosjektet scorar høgst på den velkjende skalaen for brukarmedverknad, nemleg «citizen power» – brukarstyring. Dei er også ekspertar på miljøvenleg rehabilitering og låg ressursbruk. Eg trur eit vellukka byøkologisk prosjekt bør vere brukarinitiert og nedanfrå-og-opp. Dersom denne gården blir solgt, totalrehabilitert og leigd ut med stor forteneste, trur eg ikkje det er mogleg å oppnå ambisiøse og robuste løysingar. Då blir det eit slags «byøkologi-light»-prosjekt, og det har vi jo allereie i Pilestredet. Der er det nok flott å bu, men området manglar den innovasjonen og det brukarperspektivet som skal til for å matche byøkologiske prosjekt i europeiske byar som faktisk kan byøkologi, som Hamburg, Freiburg, Berlin, eller til og med Trondheim.
Oslo treng fleire grasrotprosjekt med låg husleige og store krav til eigeninnsats og medverknad, fordi det er slik vi finn nye og innovative måtar å bu på. Og sjølv om det er viktig å leggje til rette for nye byøkologiske prosjekt, må bystyret også vere klar over at det å opparbeide seg kompetanse på brukarmedverknad tek lang tid. Forsvinn bebuarane i Hausmannsgate 40, so forsvinn 16 års spesialkompetanse, og nye prosjekt må byrje frå botnen og prøve og feile, igjen og igjen, i staden for å dra nytte av den overføringsverdien som ligg i eit eksisterande prosjekt. Då vil det ta lang tid før nye byøkologiske prosjekt blir levedyktige.
Finanskomiteens medlemmar er neppe over gjennomsnitt opptekne av pønk, grafitti, lågt forbruk, vegetarisme og alle dei andre tinga somVestbredden representerar, men eg meinar på det sterkaste at det bør vere rom for ein slik type annerledesheit i Oslo.
Eg vil avslutte med å sitere Chris Butters, som er arkitekt og har jobba med byøkologi og brukarmedverknad i over 30 år.
«Jeg har deltatt på dette feltet over en 30 års-periode. I Frankrike, Tyskland, Holland, de land der det har skjedd mye, er mønsteret det same: Utviklingen har alltid begyndt hos de små, de radikale. Disse har så gradvis påvirket mainstream-tenkning. Med utformingen av byrommet. Og erfaringene er at de prosjekter som holder seg best over tid, er de med mest brukermedvirkning. Dette er bærekraft.»[2]
Relaterte artikler